Off. godkjent sjukepleiar 60 % stilling
Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4217519856 Presentasjon av stillingen:
I Ørsta kommune er det frå d.d. ledig 60 % stilling for off. godkjent sjukepleiar. Stillinga er plassert i seksjon Omsorg og sjukeheim med f.t. Bakketun som tenestestad. Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
Vi søkjer etter inspirerte medarbeidarar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og som kan bidra i eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Innsende vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming og grunnlag for rett ansiennitet og løn.
Personlege eigenskapar
- Relevant arbeidserfaring
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstilskot er aktuelt å tilby nytilsette
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Kyrre Skavøy, Einingsleiar, 70048832, kyrre.skavoy@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgate 78
6153 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenr.:4217519856
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 20.04.2020
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap