Dyktige sjukepleiarar/vernepleierar ønskes til Tidleg psykose Sandviken
Org. nr: 083974724 Stillingsident: 4096992875 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk består av 3 avdelingar. Psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling spesialisert psykosebehandling og avdeling for stemningslidingar. Seksjon tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein av 7 seksjonar i avdeling spesialisert psykosebehandling og skal gje tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.12 og flytta inn i nytt bygg juni samme året. TPS skal gje tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gjer tilbod til unge nysjuke med både rusproblemer og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde områder/grupper.
Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å leggje til rette for forsking. TPS har 15 sengeplassar (7 8). Sjulepleiarar/vernepleiarar inngår i tverrfagleg team saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog, sosionom, IPS spesialist og aktivitør. I tillegg er fysioterapeut tilknytta vår seksjon og bidrar til å leggje til rette for fysisk aktivitet.
Seksjon tidleg psykose Sandviken har ledig følgjande stillingar:
2 x 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.09.2019. Dei faste stillingane er forbeholdt sjukepleiar.
1 vikariat i 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar frå 01.09.2019 til 30.09.2020
1 vikariat i 80% stilling som sjukepleiar/vernepleiar frå 01.09.2019 til 31.08.2020. I vikariata ønskjes både sjukepleiar/vernepleiar.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging som inneber oppfølging av sjukepleiefaglegetiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane.
- Tverrfagleg teamarbeid.
- Observere og dokumentere.
- Kontakt med pårørende og familiearbeid.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter sjukepleiarar/vernepleiarar som har interesse for og eventuelt erfaring med une mennesker med psykose/schizofreni og eventuelt rusmisbruk.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Det er ønskjeleg med kunnskap om EPJ/DIPS. Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten).
Personlege eigenskapar
- Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient.
- DU må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysningsorientert og målretta.
- Vi ønskjer engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
- Samarbeidsvillig og serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer.
- Lojal og tolmodig.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
Kontaktinformasjon
Astrid Hovland, Ass.seksjonsleiar, 55958826
Kjersti Valestrand Bjørnstad, Seksjonsleiar, 55958612
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4096992875
Stillingsprosent: 100/80%
Startdato: 01.09.2019
Søknadsfrist: 07.07.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.