Kulturskulelærar - dans, drama og teater
Org. nr: - Stillingsident: 4400306338 Presentasjon av stillingen:
Kultur er kult!
Tysnes kulturskule -- gode kulturelle verdiar i Tysnes
Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at det skal vere eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gje eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gje elevane høve til å oppleve meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling, og skal vere ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen. For tida har me tilsaman fem tilsette og omlag 85 elevplassar innan ulike musikktilbod, hovudsakleg gitar, trommer, piano, song og messinginstrument. I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Frå hausten flyttar kulturskulen inn i nye, trivelege lokaler som er tilrettelagt for dans og drama.
Tysnes kulturskule har følgjande faste stillingar ledig, som kulturskulelærar frå 01.08.21:
- 10 % stilling som teater/drama pedagog
- 20 % stilling som dansepedagog
Dans har tidlegare vore eit tilbod i kulturskulen vår, medan teater/drama er eit nytt satsingsområde.
Stillingane er nyoppretta ut frå at me ønskjer å utvide tilbodet vårt og med ei målsetting om eit variert kulturtilbod til barn og unge. Det kan verte mogleg å utvide stillingsstorleiken dersom etterspørsel tilseier at me må utvide tilbodet.
Stillingane er organisert med gruppeundervisning etter skuletid/på ettermiddagar. Elevarrangement, førestellingar og deltaking i lærarkollegiet, vert gjennomført til oppsett plan. Teater/drama vil bli organisert med litt meir komprimert opplegg der undervisninga får ein eigen timeplan for kvart prosjekt.
Det er mogleg å kombinere desse to stillingane og me ber difor om at du opplyser i søknadsteksten din kva stilling du søkjer på, eventuelt om du søkjer på begge.
Arbeidsoppgåver
- Vekentleg undervisning av elevar i kulturskulen
- Planlegging og gjennomføring av framsyningar, samt aktiv deltaking i tverrfaglege prosjekt
- Samarbeide i lærarteam og med grunnskule, barnehage og andre
- Bidra i kulturskulen sitt utviklingsarbeid
- Kulturskulen sin rammeplan vert lagt til grunn for undervisning
Kvalifikasjonar
- Høgare praktiskpedagogisk utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, minimum 3 år
- Anna relevant utdanning og praksis kan kompensera for manglande formell
- Gode kommunikasjonsevner
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Personlege kvalifikasjonar vert tilltagt stor vekt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein person med eit brennande engasjement og interesse for å undervise barn og ungdom på alle nivå, i eit trygt og motiverande læringsmiljø. Du må ha gode samarbeids- og formidlingsevne, og evne til å inspirere og engasjere elevgrupper. Me ønskjer ein fleksibel og løysingsorientert kollega og medarbeidar, som vil bidra i prosjektarbeid og til endringar, er pliktoppfyllande og evnar å arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Kreative og energiske kollegaer
- Høve til å arbeide i vakre Tysnes
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Tilsetjing og løn etter kommunalt regulativ
Kontaktinformasjon
Yngve Nikolaisen, Kulturskulerektor, 468 15 697, yngve.nikolaisen@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Tysneshallen
5680 Tysnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4400306338
Stillingsprosent: 10, 20%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.