En tjeneste fra   NAV logo
Til forsiden

Arbeidsplassen.no forenklar jakta på rett kandidat

Over halvparten av kandidatane som byrået Instad AS skaffar til industrien og byggebransjen, kjem via Arbeidsplassen.no. For Dawid Badkowski (34) gjekk det berre ti dagar frå han vart permittert, til han starta i ny jobb.

Dawid Badkowski og Trond Erik Stølås
Dawid Badkowski (t.v.) rakk så vidt å registrere CV-en sin på arbeidsplassen.no før han blei rekruttert til ny jobb som blikkenslagar av Trond Erik Stølås i Instad AS.

– For oss har arbeidsplassen.no vore gull verd i koronatida. Verktøyet er enkelt og gratis å bruke, og vi finn topp motiverte kandidatar med solid kompetanse, seier Trond Erik Stølås. Han er dagleg leiar i bemanningsbyrået Instad AS i Bergen.

Akutt mangel på fagfolk

Firmaet var nystarta då koronaen trefte arbeidsmarknaden våren 2020. Snart oppdaga Stølås at den største utfordringa ikkje var å finne oppdrag, men folk. Mange utanlandske fagarbeidarar reiste heim på dagen, og bedriftene stod att med halvferdige prosjekt som skulle fullførast innan avtalt tid.

– Med hjelp av NAV og arbeidsplassen.no har vi klart å skaffe kandidatar til kundar over heile Vestland fylke. Ein del av dei har mista jobben eller blitt permitterte frå arbeidsgjevaren sin, medan andre er unge folk som ikkje har fått et bein innafor før no, fortel han.

Frå permittert til arbeidsformann

Blikkenslagar Dawid Badkowski (34) blei permittert i april og melde seg hos NAV.

– Eg registrerte CV og var open for nye mulegheiter, og etter få dagar tok Trond kontakt, fortel han. Med 15 års erfaring var han kvalifisert til ei stilling som formann i firmaet Pro-Vent som stod på kundelista til Stølås. Her har han vore sidan og jobbar no med ventilasjonsanlegget i ein ny kafé på eit kjøpesenter i Bergen.

Dawid Badkowski
Dawid Badkowski trivst i jobben han fekk etter berre ti dagar som permittert.

– Dawid er eit døme på kva slags medarbeidarar som finst på arbeidsplassen.no. Her er så mange bra folk, både før korona og ikkje minst i tida etter, seier Stølås. Han har både søkt etter kandidatar på eiga hand og samarbeidd med NAV i Bergen, Ullensvang, Sunnfjord og Gloppen.

– Eg har spelt inn forslag til korleis arbeidsplassen.no kan bli enda meir brukarvennleg, og fleire av desse har NAV følgt opp og gjort noko med. Det må vere enkelt for arbeidssøkarar å lage ein fullstendig CV – det er alfa og omega for at vi skal finne den rette kandidaten, seier han.

Tekst og foto: Ingunn Halvorsen

Slik kan du også søke etter ledige kandidater

  • Gå til Kandidatsøk
  • Logg inn via ID-porten, med for eksempel MinID eller BankID
  • Beskriv jobben, klikk søk og bla igjennom kandidater som matcher