Leiar personal, service og kommunikasjon 2.gangs utlysning
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
Stillingstittel
Leiar personal, service og kommunikasjon
Antall stillinger
1
Vestre Slidre kommune søkjer etter ein leiar for personal, service og kommunikasjon med relevant utdanning og erfaring, samt gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter.
100 % fast stilling er ledig for tiltreding 1.januar 2024.
Arbeidsoppgåver
Som leiar for personal, service og kommunikasjon vil du leie kommunens stab som består av personal, løn, servicetorg og arkiv. Pr i dag har området vel 6,5 årsverk.
Du vil være ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.
Du vil ha det faglege overordna ansvaret for personalområdet i kommunen og være ei viktig fagleg støtte for kommunens leiarar samt ha internopplæring innan fagområdet. Samarbeidet med tillitsvalde, verneombod, bedriftshelseteneste og IA-rådgjevar vil være tett. I tillegg vil du delta i regionalt personalleiarforum. Du vil vere ansvarleg for internt og eksternt informasjonsarbeid herunder nettstad og sosiale media.
Døme på oppgåver er
- Rekruttering og tilsettingar
- Utvikling av rutiner og reglement
- Skriving av politiske og delegerte saker inkl. saksbehandling
- Leiarstøtte, opplæring og oppfølging innan HR-feltet
- HMS- og IA-arbeid
- Lønsforhandlingar
- Personalsaker
- Omstillingar
- Digitalisering av arbeidsprosessar
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan administrasjon, offentleg forvaltning, juridiske fag eller liknande
- Leiarerfaring med personalansvar
- God juridisk forståing er ein fordel
- Erfaring med saksbehandling frå det offentlege
- Svært god skriftleg og muntleg framstillingsevne
- Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk
- Relevant kompetanse innan IKT og gode dataferdigheiter
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Omgjengeleg
- Sjølvstendig og strukturert
- Stabil og fleksibel
- Stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Ein variert og spennande jobb!
- Eit godt arbeidsmiljø med stor fagleg bredde
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Rolf Stalenget, Kommunedirektør , 90898321Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4713797696
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2023
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2478643
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0fddbe7381a84374a30121e2015b6b57