Biblioteksjef
Org. nr: - Stillingsident: 4418964051 Presentasjon av stillingen:
Verksemd innbyggartorg:
Ålesund kommune er vidstrekt og innbyggjartorg tar i vare bindeleddet mellom lokalmiljøa og den store kommunen. Vi arbeider tett på innbyggjarane og det frivillige gjennom fem innbyggartorg og 11 bibliotek. Vi legg vinn på samarbeid på tvers. Verksemda består av bibliotek, frivillegsentral og innbyggarservice og har ei stor kontaktflate som vi tar vare på i kommunen sitt arbeid med å utvikle medborgarskap som ressurs.
Bibliotek:
Ålesund bibliotek består av hovudbibliotek, 10 avdelingsbibliotek, derav 5 kombinasjonsbibliotek, og fengselsbibliotek. Ålesund kommune er inne i eit spennande arbeid med å etablere seg som ny storkommune. Biblioteket har ei etterspurt rolle i mykje av utviklingsarbeidet.
Vi ser etter ein utviklingsorientert lagspelar som kan tenke heilskap, trivast i stadig endring og har evne til å leie kompetente fagfolk. Biblioteksjefen vil inngå som ein av to avdelingsleiarar i verksemd innbyggartorg. Verksemda er ein del av kommunalområdet kultur og medborgarskap. Du vil inngå i ein leiartrio i verksemda, og vi bygger også opp eit felles leiarskap innanfor kommunalområdet.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den faglege leiinga av kommunen sitt samla bibliotektilbod.
- Personalansvar og økonomiansvar i samarbeid med verksemdsleiar.
- Styrke og marknadsføre bibliotektenesta i samsvar med nasjonale føringar og lokale planar.
- Strategisk ansvar for utvikling og modernisering av folkebiblioteket, også som kulturarena, debattarena og møteplass.
- Arbeidsstad er rådhuset i Ålesund, men vi legg vinn på å vere til stades ved dei ulike lokalitetane. Du må rekne med ein del reising. Du må disponere eigen bil, men kommunen kan også tilby bildelingsordning.
Kvalifikasjonar
- Minimum bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap og/eller andre relevante fag. Kultur, formidling, medium og kommunikasjon, organisasjon og leiing er og relevant for stillinga. Kommunen legg vekt på kompetanse innan prosessleiing. Dersom du ikkje har bibliotekfagleg utdanning må du ha innsikt i, vere lydhør for og kunne bygge på denne kompetansen.
- Leiarkompetanse:
- Du må ha leiarkompetanse og kunne arbeide med og gjennom kvalifiserte medarbeidarar. Du må kunne arbeide tverrfagleg og vere ryddig i personalarbeid. Det ligg administrative oppgåver og arbeid med fagsystem til stillinga.
- Vi ser gjerne at du kan vise til resultat du har oppnådd i samspel med andre.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss ein engasjert, motiverande og samarbeidsorientert biblioteksjef med gode kommunikasjons- og samhandlingsevner. Vi ser etter kombinasjonen av å ha visjonar for arbeidet, evne til å arbeide strukturert og gjennomføringskraft.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utviklande stilling i ein ny-etablert kommune og ei ny verksemd.
- Godt tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
- Lønn etter avtale
Contacts
Hege Steinsland, Verksemdsleiar, 900 53 221
Location
Keiser Wilhelms gate 15
6003 Ålesund
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Ålesund kommune
Reference number:4418964051
Percentage of full-time: 100%
Fast
Application deadline: 10.10.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.